Her er du: samnangerbibliotek.no > Digitale tenester > Lokalhistorie

Lokalhistorie

Lokalhistorie er populært og mange driv med slektsgransking. På denne sida har vi samla nokre interessante lenkjer for deg som ynskjer å finne meir ut om slekta eller kommunen din.

Parti fra Aadland, Samnanger
Fotografi skapt av Atelier K. Knudsen (1908), digital utgåve henta frå MARCUS

Nyttige ressursar

MARCUS

MARCUS inneheld materiale frå Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Her kan du finne digitaliserte manuskript, fotografi, diplomer og mykje meir.

Du kan fritt laste ned alle bileta i MARCUS og nytte dei mot kreditering av fotograf og institusjon. Du kan også kjøpe dei i fysisk format, eller kjøpe retten til å nytte dei i publikasjonar.