Her er du: samnangerbibliotek.no > Meirope bibliotek

Meirope bibliotek

Kva er eit Meirope bibliotek?

Meirope tyder at biblioteket er tilgjengeleg for deg til andre tider på døgeret enn i opningstida. For å få denne tilgangen må du koma innom biblioteket i vanleg opningstid for å oppgradera lånekortet ditt. Denne bruken av biblioteket byggjer på eit gjensidig tillitsforhold mellom brukar og bibliotek. Du har eit særleg ansvar for å fylgja retningslinene i kontrakten.

Korleis?

Du les og signerer Kontrakt for Meirope bibliotek og leverer den i skranken, då får du avtale om tilgong til biblioteket utanom vanleg opningstid. Hugs å ta med legitimasjon.

Du kan skrive ut Kontrakt for Meirope bibliotek (pdf) før du kjem til biblioteket om du vil.

Kven?

Du må vera fylt 15 år, vere registrert lånar og ha fått PIN-kode. I tillegg må du ha signert kontrakt for bruk av Meirope bibliotek. Er du under 18 år må ein føresett skriva under på kontrakten. Kontrakt, lånekort og PINkode får du i biblioteket. Du får tilgang til å låna og levera på sjølvbetent låneautomat. Born kan nytta tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen som har tilgang. Den vaksne har ansvar for borna, og dei kan ikkje overlatast til seg sjølve i lokala.

Adgangskontroll og låneautomat

Tilgang skjer via adgangkontroll ved hovudinngang. Du nyttar lånekort med PIN-kode, og døra opnar seg automatisk. Du vert fotografert idet du går inn. Heile bibliotekrommet er video-overvaka, det vert ikkje teke opp lyd. På låneautomaten kan du levere, låne, reservere og sjekke status på Meg & mitt og fornye bøker.  Vanlege lånereglar gjeld.  NB! Innlevering av Fjernlån fungerer ikkje på automaten, men kan som før leverast i innleveringskasse i gangen utafor SPAR, eller på kommunehuset. Tinging av fjernlån skal alltid skje innanfor bemanna opningstid.

Vis omsyn

Det kan vera opne eller lukka arrangement og møter i den meiropne tida. Det skal alle visa omsyn til. Det er gjerne personale i biblioteket i delar av den meiropne tida, for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp – ver gild å koma i den bemanna opningstida.