Her er du: samnangerbibliotek.no > Alt om lån

Alt om lån

Lånekort

Nasjonalt lånekort gjer det mogleg for deg å låne frå alle bibliotek i heile landet.

Bibliotekkort er gratis.

Du er ansvarleg for alt som er lånt på ditt kort.

Bibliotekpersonalet har teieplikt og skal verna om lånaropplysningar.
Meld frå om du endrar adresse, mobilnummer eller e-postadresse.

Lånetid

Lånetida er 4 veker for bøker, lydbøker og tidsskrift (nyaste nummer av tidsskrift er ikkje til utlån).

Filmar kan lånast i 2 veker. Du kan fornya alle lån dersom materialet ikkje er reservert for andre. Du kan fornya på biblioteket eller gjera det sjølv på Mine lån. Om materialet ikkje er levert innan fristen vil du få purringar og etter kvart purregebyr. Lånaren har sjølv ansvar for alt materiell som er lånt, og vil måtte erstatte tapt eller skada materell.

Om biblioteket ikkje er ope kan du levere inn det du har lånt i bokkassane, ein står i gangen utafor Spar og ein i gangen på kommunehuset.

Mine lån

I Mine lån kan du sjå kva du har lånt og sjølv fornya låna dine.

Du kan sjølv søke opp bøker og andre medier og reservere det du ynskjer å låne. Har du lån som tilhøyrer andre bibliotek, må du ta kontakt med oss for å fornya. Du kan sjølv sjå og endre kontaktinformasjonen biblioteket har om deg.

I Mine lån får du og oppdaterte lister over dei nyaste titlane som er registrert hjå oss.

Du loggar deg på med lånenummeret ditt (sjå lånekortet) og passord. Har du ikkje passord kan du ta kontakt med biblioteket.

Logg inn med lånekort i Mine lån

Lån frå andre bibliotek

Har me ikkje det du leitar etter, kan me fjernlåna frå andre bibliotek.