Her er du: samnangerbibliotek.no > Om biblioteket

Om biblioteket

Biblioteket er for alle. Her kan du låne bøker, tidsskrift, lydbøker, filmar og andre medier. Du kan låne, lese ei avis eller berre slå av ein prat med naboen.

Digitale tenester

Lokala våre har trådlaust nett og gir tilgjenge til ulike digitale tenester. Du kan mellom anna få hjelp til å komme i gong med å lese ebøker eller digitale aviser og magasin på mange språk.

Lokalaviser

Biblioteket abonnerer på fleire lokalaviser.

Møtestad

Me ynskjer at biblioteket skal vere ein inkluderande og hyggeleg stad, og vil gjere vårt beste for at folk i bygda skal føle seg vekomne hjå oss.

Biblioteket flytta til nye, flotte lokale i «Høgspent’n» i 2017. Du finn oss i etasjen under Spar på Bjørkheim. Inngangen finn de på sjøsida.

Samnanger bibliotek
Bjørkheim 28
5652 Årland

Telefon: 56 58 74 55
E-post: bibliotek@samnanger.kommune.no