Her er du: samnangerbibliotek.no > Digitale tenester > Aviser og tidsskrift

Aviser og tidsskrift

Saknar du lesestoff på morsmålet ditt?
PressReader er ei teneste som gjev tilgang til over 6500 aviser og magasin frå meir enn 125 land på 60 ulike språk.

PressReader tilbyr deg nye aviser og tidsskrift i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin. PressReader har magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje meir.

På biblioteket

Nyttar du ei av biblioteket sine datamaskinar  eller eigen maskin på biblioteket sitt nett, vil du finne tenesta på https://www.pressreader.com/. For mobile einingar finst det ein app du kan laste ned gratis frå App Store eller Google Play.

Brukarrettleing (pdf)