Her er du: samnangerbibliotek.no > Digitale tenester > Lån ei e-bok

Lån ei e-bok

Om du har lånekort hjå oss, kan du låne e-bøker til smarttelefonen eller nettbrettet ditt.

Med appen BookBites får du låne digitale bøker til di mobile eining. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.

Korleis låne e-bøker?

Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket. Ny pinkode kan du bestille her, om du treng det.

Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les

Treng du hjelp?

Spør oss på bibloteket.

Bokhylla.no

Du kan også finne ebøker i samlinga til Nasjonalbiblioteket.