Lokale
Samnanger bibliotek held til i lyse og universelt utforma lokaler på Bjørkheim, i etasjen under Spar, med inngang frå sjøsida.
Du kan låna
Her låner me ut bøker, lydbøker, tidsskrift og filmar. Om ikkje biblioteket har det du leiter etter kan me kjøpa det inn eller skaffe frå andre bibliotek.
Innlevering utanom opningstid
Du kan levera inn lånt materiell i den blå innleveringskassen i gangen utafor Spar eller i kassen som står i gangen på kommunehuset.
Aviser og tidsskrift
Me abonnerer på lokalavisene Samningen, Hordaland folkeblad og Os- & Fusaposten, i tillegg har biblioteket ei rekke tidsskrift som publikum kan låna. Me har ei eiga samling med lokal litteratur og innbundne årgangar av Samningen.
Digitale aviser og tidsskrift
Vi tilbyr deg aviser og tidsskrift i komplett digital utgåve via PressReader. Du kan lesa på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin. PressReader har magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje meir.
Arrangement
Biblioteket har arrangement for born og vaksne. Du finn info på plakatar, eller ved å fylgja oss på Facebook eller www.samnangerbibliotek.no/
Digitale tenester
Samnanger folkebibliotek gjev deg tilgong til ulike digitale tenester.
Møterom
Biblioteket har eit stort møterom (med plass til minst 50 pers) og eit lite møterom ( frå 4-10 pers) til utlån. Dei kan etter avtale lånast gratis av lokale lag og organisasjonar. Bedrifter får leiga til kommunalt fastsett pris. For avtale, nøkkel og informasjon om lån av lokala, kontakt biblioteksjefen i opningstida.