Med appen BookBites får du låne digitale bøker til di mobile eining. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.
Korleis låne e-bøker?
Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket. Ny pinkode kan du bestille her, om du treng det.
Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!
1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les
Treng du hjelp?
Spør oss på bibloteket.
Bokhylla.no
Du kan også finne ebøker i samlinga til Nasjonalbiblioteket.