Her er du: samnangerbibliotek.no > Om biblioteket > Reglement og vilkår for bruk av Samnanger bibliotek

Reglement og vilkår for bruk av Samnanger bibliotek

Innhald

Avtale om lånekort

Alle kan få lokalt lånekort og nasjonalt lånekort. Lokalt lånekort kan ein nytta i biblioteket og på skulane i Samnanger. Nasjonalt lånekort kan nyttast på alle bibliotek i Noreg.

Avtale om oppgradert lånekort til meirope bibliotek

Dersom du bur i Samnanger kommune og er fylt 15 år kan du få oppgradert lånekortet ditt slik at du får tilgang til meirope bibliotek. Med oppgradert lånekort kan du besøka biblioteket utanom betent opningstid.

Generelle vilkår for lån

Slik vert du lånar

Lånar sine plikter

Personvernerklæring

Biblioteket er oppteke av å verne personopplysingane dine. Difor handsamar me dei i samsvar med den gjeldande personopplysingslova. Me oppmodar deg til å lese grundig gjennom Personvernerklæringa som du finn på Samnanger bibliotek si heimeside. Personvernerklæringa skildrar kva for personopplysingar me registrerer når du vert lånar hjå oss, nyttar Mi side og vitjar denne nettsida (seinare omtalt samla som tenestene våre). Dersom du ikkje har digital tilgang kan me skriva ut Personvernerklæringa til deg.

Rettane dine

Du har rett til å veta kva personopplysningar Samnanger bibliotek har registrert om deg, korleis opplysningane vert handsama og kven som har tilgang til opplysningane. Dette gjeld deg som har lokalt lånekort, nasjonalt lånekort og oppgradert lånekort for meirope bibliotek. I Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) finn du dine rettar til innsyn i opplysningane.

Særskild relevant i personopplysningslova er Europaparlaments- og rådsforordning, kapittel III Den registrertes rettigheter. For å inngå ein avtale om lånekort er det nokre opplysningar me treng om deg som brukar. Ved å inngå ein kontrakt med Samnanger bibliotek om lånekort, godkjenner du samstundes at me lagrar desse opplysningane om deg.

Registrerte opplysningar ved lokalt lånekort

Fornamn og etternamn, fødselsdato, postadresse, kjønnsidentitet, mobiltelefonnummer. Du kan velje om du ønskjer melding frå biblioteket på SMS eller på epost. Dersom du ønskjer melding på epost treng me epostadressa di. Dersom lånekorthavar er under 18 år treng me signatur og mobiltelefonnummer til ein føresett.

Registrerte opplysningar ved nasjonalt lånekort

I tillegg til opplysningane for lokalt lånekort treng me òg personnummeret ditt.

Registrerte opplysningar ved tilgang til meirope bibliotek

Same opplysningar som gjelder for lokalt lånekort. I tillegg vert du registrert fysisk ved kameraovervaking (sjå Vilkår for oppgradert lånekort til meirope bibliotek).

Vilkår for oppgradert lånekort til meirope bibliotek

Du må forplikta deg til å overhalda nokre enkle reglar for å få lov til å nytta meiropetilbodet:

Brot på vilkåra kan resultera i inndraging av retten til å bruka Samnanger bibliotek sitt meirope tilbod. Hærverk vert meldt frå til politiet. Du vert stilt økonomisk ansvarleg for eventuelle øydeleggingar.

Kameraovervaking

Dei meiropne biblioteklokala er videoovervaka av omsyn til din tryggleik, og for å beskytta inventar og utstyr. Utanom betent opningstid vert lokala i det meiropne biblioteket kameraovervaka. Du vert fotografert i det du brukar nøkkelkortet for å logge deg inn, og går inn døra. Det er fleire overvakingskamera i lokala. Dei som brukar biblioteket i meirope tid vert filma, men det vert ikkje tatt opp lyd. Filmane vert lagra på server, men vert automatisk sletta etter 7 dagar. Det vert ikkje sett på filmane dersom me ikkje får melding om at noko ulovleg har hendt, eller at me opplever hærverk i lokala.

Bruk av nøkkelkort

Du kjem deg inn i biblioteket ved å bruke lånekortet som eit nøkkelkort. Pass på at ikkje andre enn dei som er med deg kjem inn. Døra vert automatisk låst når du har gått inn. Når du skal forlate biblioteket, opnar døra seg, og den låser seg etter deg. NB! Ikkje gå ut «ein snartur» utan nøkkelkort. Dørene låser seg automatisk, og du kjem deg ikkje inn igjen utan nøkkelkort. Ta kontakt med personalet i opningstida dersom du har vore uheldig å gløymt noko i biblioteket.

Sjølvbetent utlånsautomat

Du låner og leverer inn materiale ved å bruke utlånsautomaten. Følg rettleiinga på skjermen. Du kan hente materiale som du har bestilt. Dette materialet er ordna etter hentenummer, står på ei eiga hylle, og må lånast ut på automaten før du tek det med deg. Hentenummeret står i meldinga som du har fått av biblioteket. Dersom det er materiale du ikkje får lånt lyt du koma attende når personalet er til stades.

Meirope stenger

Det vil kome ei melding på høgtalaranlegget 10 minutt før det meiropne biblioteket stenger. Ljoset vert sløkt automatisk når det er stengt.

Arrangement og møter i meirope tid

Det vil stundom vere arrangement og møter når biblioteket har meirope. Kommunale arrangementa vert annonserte på heimesida og Facebooksida til biblioteket, og aktivitetskalenderen på heimesida til kommunen. Eventuell møteverksemd vert opplyst om inngangspartiet til biblioteket.

Kva rom er ein del av meiropetilbodet?

Sjølve biblioteklokalet, ungdomsrommet, møte/gaming-rommet og toaletta. Det største møterommet og kjøkkenet vert kun lånt ut etter avtale.

Utlån av lokala til arrangement og møter

Ønskjer du å låna lokala til eit arrangement eller møte må dette avtalast på førehand med personalet i betent opningstid. Ved lån av lokala til møter og arrangement er det høve til å sleppa inn brukarar som ikkje har nøkkelkort. Det er ansvarleg for møtet eller arrangement som har ansvar for å informera deltakarane om reglement og vilkår for bruk av Samnanger bibliotek. Dei som ikkje har nøkkelkort har heller ikkje inngått ein kontrakt om vilkår for bruk. Det vert difor særskild viktig at ansvarleg for arrangementet eller møtet informerer deltakarane om at lokala er kameraovervaka.

Praktiske opplysningar

Betent opningstid

Tysdagkl 12.00-19.00
Onsdagkl 10.00-16.00
Torsdagkl 10.00-16.00

Opningstid for meirope bibliotek

Mandagkl 16.00-22.00
Tysdag, onsdag, torsdagkl 08.00-22.00
Fredagkl 16.00-22.00
Laurdag og sundagkl 08.00-20.00

Lånetid

Fornye lån

Du kan fornye alle lån sjølv, dersom vara du ønskjer ikkje er reservert av andre. Dette kan du gjera på den sjølvbetente utlånsautomaten i biblioteket, på epost eller telefon til biblioteket, eller ved å logge deg inn på heimesida til Samnanger folkebibliotek.

Reservera eller bestilla

Alt materiale som er utlånt eller under innkjøp kan du reservere i biblioteket eller på heimesida til Samnanger bibliotek. For å låne materiell frå andre norske bibliotek må du ta kontakt med personalet. Du får SMS når reservert materiell er klart til henting.

Kontaktinformasjon til Samnanger bibliotek

Adresse

Bjørkheim 26
5652 Årland

Telefonnummer

56 58 74 55

Epost

bibliotek@samnanger.kommune

Sosiale medium

Facebook: Samnanger folkebibliotek

Nettstad

https://www.samnangerbibliotek.no/

Nyttige lenker:
Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) – Lovdata