Her er du: samnangerbibliotek.no > Aktuelt > Ymse > Strikkedugnad

Strikkedugnad

AKTUELTpublisert 23.08.2022

Med restegarn har me no laga lappetepper.

Sy, strikk og skravl kan vera meir enn berre sy, strikk og skravl ❤  Me har hatt lyst til å gjera noko som er større enn oss sjølve og gjekk i gang med strikking av lappar til lappetepper. Biblioteket har organisert innsamling av restegarn. Me fekk inn mengder!!! Det meste av garnet er no i ferd med å verta til gode tepper som skal koman samningar til gode. 5 deilige  pledd er det vorte til no. ❤  Kor dei skal havna veit me snart. Du er og veldig velkomen til Sy, strikk og skravl, onsdagar i partalsveker, kl 11-13.  Garn me sit att med etter strikkedugnaden vert nytta til sokkar som skal til Dagsturhytta Prestakvilet, og siste rest går til skular og barnehagar.