Her er du: samnangerbibliotek.no > Aktuelt > Ymse > Tekst og tanke

Tekst og tanke

AKTUELTpublisert 18.02.2022

Tekst og tanke er ei lesestund med Siri Bjorstad Hjermann. Shared Reading-/delt lesing-metoden handlar om å ha ei god stund i lag. Kjært barn har mange namn, som td litteratur for alle, litterært pusterom, les og del, tekst og te osv. De får novella og diktet utdelt, og lyttar medan Siri les. Eit par gonger undervegs stoppar me opp og ser kva tankar som rører seg med utgangspunkt i teksten, me utforskar og deler. Fleire har sagt at «eg kjem ikkje til å seia noko», men dei fleste har noko på hjartet når det kjem til stykket 😉 Ein treng ikkje «kunna» noko som helst om litteratur!
Siri gler seg, og kan lova ei interessant, avslappa og meiningsfull stund.
Velkomen! 🪑📖💬🙂

Shared reading