Her er du: samnangerbibliotek.no > Aktuelt > Ymse > Djuphavsslettene – romankunst om stor sorg og inderleg kjærleik

Djuphavsslettene – romankunst om stor sorg og inderleg kjærleik

AKTUELTpublisert 22.09.2021

Victor tek livet sitt 19 år gamal. Djuphavsslettene er ei ufiltrert forteljing om å vere i tida og stå i sorga, og om å orientere seg fram til noko anna og nytt.

Denne hausten kjem Hilde K. Kvalvaag på vitjing til fleire bibliotek i Vestland fylke, der ho snakkar om den siste romanen sin: Djuphavsslettene. Romanen er formgjeven som ein brevsamtale mellom ei mor og den døde sonen hennar, og boka byggjer på forfattaren sine eigne røynsler.

Alt i boka Lev vel, alle (Biblioteksøk) som kom ut i 2015, får vi eit møte med Victor. Også denne boka har sjølvopplevde trekk, og Victor var stolt av å bli portrettert i romanen. Det er her vi først får høyre om vanskelege ungdomsår, der det svingar fort mellom lys og mørker.

Forfattar Hilde Kvalvaag, foto

Hilde Kvalvaag skriv ufiltrert om stor sorg. Foto: Tove Breistein

«Djuphavsslettene» byrjar med ei skildring av dagane til Victor i forkant av sjølvmordet. Det handlar om mora si uro og om aukande uro den dagen han ikkje kjem heim til middag. Sjølvmordet kjem som ein brottsjø, det er ein orkan som slår veggane ut av huset og forlet familien i eit inferno.

Teksten er naken og intens. Vi møter ei mor der sorg og fortviling har teke all plass i livet: det er febrilsk røyking og valium, hektisk reising med familien, og det er leiting etter hjelp der det er von om å finne den.

 

«Eg skal bli sjukepleier, seier eg. Eg skal hjelpe andre. Eg skal jobbe i psykiatrien, eg vil jobbe med unge menn.

Eg er som ein fuckings duracellkanin, eg høyrer det sjølv, berre dette interesser meg no. Sjukepleia, der er det frelse.»

Opp i det heile er det ein slik fin humor i romanen, den kler det tragiske, humoren er også desperat og intens, slik sorga er det.

Boka om Victor teiknar eit vakkert portrett av eit ungt menneske som slit, men som også er glad og har mange venner og gode hendingar i livet sitt. Det handlar om å forstå kvifor Victor gjorde dette, om skuldkjensle. Nølte han? Kva om ho hadde ringt han denne ettermiddagen?

Det handlar om å bære med seg og å leve med sonen resten av livet.

«Du er overalt, slik du ha vore lenge».

Romanen er inndelt i fire seksjonar, og det er lett å tenkje at dette viser til fire fasar i ein sorgprosess: sjokk, reaksjon, bearbeiding og nyorientering. Og når forfattaren endeleg får lov av familien til å skrive boka om Victor, startar bearbeidinga og vegen mot noko nytt.

Romanen er eit vitnesbyrd om livet som pårørande etter sjølvmord. Forfattaren sitt forsøk på å gjere sterke kjensler om til språk, leiar fram til eit viktig vitnesbyrd om livet som pårørande etter sjølvmord, og om tida som sakte kjem i gang att.

Lån boka på ditt lokale bibliotek: Djuphavsslettene – Biblioteksøk (bibsok.no). Du finn ho også i Bookbites.

I desse biblioteka kan du møte forfattaren hausten 2021:

  • Vik i Sogn, torsdag 30. september kl. 19:00
  • Alver, Frekhaug, tysdag 19. oktober kl. 19:00
  • Masfjorden, Sandes, onsdag 20. oktober kl. 18:00
  • Kvinnherad, Husnes, torsdag 28. oktober kl. 18:00

 

Tekst: Sigrid Furnes, bibliotekutvikling Vestland
Bilde i artikkelen: Foto av Tove Breistein
Bilde heading: Matt Hardy, Unsplash


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland