Her er du: samnangerbibliotek.no > Aktuelt > Ymse > Eventyrlysten i ferien?

Eventyrlysten i ferien?

AKTUELTpublisert 11.07.2019

Anten du har reiseplanar eller ikkje kan du reise vekk i forteljingar om eventyrlege og fantastiske ferder ut i verda. Her får du lesetips som forfattar Geir Follevåg har funne i den digitale samlinga til Nasjonalbiblioteket – som atpåtil ikkje veg noko i kofferten.

MED GRETA OG HELGA TIL HAIFA

Det er noko spesielt med sommarferien. Juleferien, til dømes, handlar mykje om å vere heime. Sommarferien derimot handlar ofte meir om å reise ut og bort for å oppleve noko nytt og ukjent. Enkelte modige personar legg ut på meir eventyrlege reiser enn andre, til dømes den norsk-svenske, eller svensk-norske, rallysjåføren (!) Greta Molander (1908-2002). Ho konkurrerte mange gongar i det prestisjétunge løpet Rally Monte Carlo med svært gode resultat.

Det er uvanleg nok med kvinner som hevdar seg i motorsport. Molander var generelt svært eventyrlysten og modig. I boka Med Helga til Haifa (1943) skriv ho om ei reise som mange sjølv i dag ville ha grua seg til å leggje ut på. Det byrjar med at ho blir fengsla av ei bok om det eksotiske Afrika. Boka får henne til drøyme om å «kjøre over glødende ørkensand hvor ingen før hadde vært, og komme fram til oaser med dadler og kameler og ville sjeiker og skrikende hyener». For den uredde Molander er det kort veg frå draum til realitet. Reisa byrjar med å køyre frå Sverige til Monte Carlo. Deretter køyrer ho ned til Gibraltar og over til Afrika, og derifrå gjennom heile Nord-Afrika til Israel. Ho reiser kun med venninna og den trufaste kartlesaren Helga. Sjølv i dag er ei så omfattande reise kun per bil imponerande, ikkje minst med tanke på bilstandarden på den tida. I tillegg gjorde kjønnsnormene på den tida det ekstra oppsiktsvekkjande at to unge kvinner heilt utan menn som ledsagarar la ut på ei slik potensielt risikofull reise.

Greta og Helga har ei eiga evne til å hamne i rare og til dels farlege situasjonar på den lange køyreturen gjennom Nord-Afrika, men dei klarer alltid å kome ut av det med helsa og ikkje minst humøret intakt. Det gode humøret pregar forteljarstilen til Molander: elegant slentrande, sjølvironisk og med eit blikk for det humoristiske i einkvar situasjon. Boka er illustrert av henne sjølv med naivistiske teikningar som står i stil med forteljarstilen. Molander skreiv fleire bøker om reisene sine, til dømes Fra øst til Mae West, O-ko-le-hao og Moro i Mexico.

Med Dian til gorillane

Ei anna kvinne som hevda seg i eit mannsdominert felt, og som la ut på ei eventyrleg reise, er Dian Fossey (1932-1985). Ho reiste ikkje berre til eit anna land og ein annan kultur, men til ein kultur hos ein annan art: I gorillaens rike. Som med Molander byrja det med ein draum: «å dra til Afrika for å studere fjellgorillaene», meir spesifikt i Rwanda. Litt tidlegare hadde Jane Goodall (ein annen kvinneleg pionér i denne typen forsking) gjort revolusjonerande feltstudie av sjimpansar, men ingen hadde klart å kome nært nok innpå dei svært sky fjellgorillaene til å kunne studere dei.

Fossey klarte det som blei rekna som tilnærma umogleg, nemleg å vinne nok tillit hjå ein gorillaflokk til at ho kunne omgåast dei på nært hald. Frå innsida av «gorillaens rike» kunne ho studere våre nære slektningar i dyreriket på ein måte som ingen andre hadde gjort før henne, og knapt nokon etter henne. Fossey gjorde også ein stor innsats for å konservere fjellgorillaen som art i sin stadige kamp mot krypskyttarar og jegarar som truga gorillaene ho studerte. Ho har generelt spelt ei stor rolle med tanke på å endre mentaliteten vår frå «jakt» til «konservering». Det er (minst) like aktuelt i dag når vi i følgje ekspertar står på randen av den sjette store utryddinga av dyreartar på jorda.

Med Karl-Oskar og Kristina til Amerika

I gleda over å ha sommarferie kan det vere på sin plass å sende ein varm tanke til ei gruppe menneske som tradisjonelt sett ikkje har opplevd sommaren som ei tid for å slappe av: bøndene. For dei er sommaren tvert om den mest travle tida på året. Det er då det verkeleg må jobbast for å få avlingane i hus. Det er då dei skal hauste løna for alt strevet dei har lagt ned i dyrkinga av jorda.

Vel og merke om alt går fint. I bokserien Utvandrerne (1. bind i 1949) av svenske Vilhelm Moberg (1898-1973) er det ei rekkje med uår som gjer at bonden Karl-Oskar Nilsson og kona Kristina får nok, og reiser til Amerika. I Sverige var det for lite og for dårleg jord for bøndene, medan det i Amerika var for lite bønder til å dyrke all jorda: «Det nye landet hadde jord uten jordbrukere og kalte på jordbrukere uten jord.»

Reisa til Karl-Oskar er eventyrleg, men ikkje «ferie», dvs. eit midlertidig fråver frå heimen. Han reiser for å finne ein ny heim. Gjennom fire bøker, Utvandrerne, Innvandrerne, Nybyggerne og Siste brev hjem (alle tilgjengeleg digitalt hos Nasjonalbiblioteket) fortel Moberg om korleis Karl-Oskar og reisefølgjet hans steg for steg byggjer seg eit nytt liv i Amerika.

Sjølv om Karl-Oskar er ein fiktiv karakter, gjorde Moberg grundige undersøkingar for å gjere forteljinga om nybyggjarlivet i Amerika så historisk korrekt som mogleg. Bøkene til Moberg er slik sett i same gate som Edvard Hoems svært populære serie om slektningane hans som reiste til Amerika. Dersom ein liker Hoems bøker, vil ein definitivt også like bøkene om Karl-Oskar Nilsson.

God lesing og ferie!


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek