Her er du: samnangerbibliotek.no > Aktuelt > Ymse > Lån e-bøker på biblioteket
BookBites reklamebanner

Lån e-bøker på biblioteket

AKTUELTpublisert 29.05.2019

Biblioteket legg til rette for at du kan låne og lese ebøker, utan å gå ut av heimen.

BookBites

Last ned den gratis appen vår, Bookbites.
For å kunne registrere deg og låne, må du ha lånenummer og pin-kode.  Viss du ikkje har nummeret på lånekortet ditt eller manglar pin-kode, send ei melding til Samnanger folkebibliotek på Messenger eller epost (bibliotek@samnanger.kommune.no) og du vil få hjelp.

Korleis gjer eg det?

  1. Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, kontaktar du biblioteket.
  2. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
  3. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
  4. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
  5. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.

Treng du hjelp?

Dersom noko går gale, kan du kontakte biblioteket
Her finn du fleire digitale tenester frå biblioteket https://karanteket.no/

Mange ønsker å sjå ei oversikt over alle lydbøkene dei kan låne. Det er ikkje nokon brukarvenleg måte å gjere dette på akkurat no. Utviklarane jobbar med saka, og i mellomtida kan du prøve ei nødløysing: Skriv inn * (ei stjerne) i søkefeltet og søk. Når du får fram trefflista, vel du øyretelefon-ikonet. Da skal du sitte att med ei liste over lydbøkene. Denne nødløysinga verkar på dei fleste nyare telefonar/nettbrett.

 


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek