Kva er miljøstatus hos meg?

Kva er miljøstatus hos meg?

Aktuelt   

Ferske tal frå "Hold Norge rent" viser at over 40 000 frivillige deltok i strandryddeveka i vår. 46 tonn avfall vart samla inn under 1350 ulike aksjonar. Sjekk også den gratis appen frå miljøstatus.no for å finne anna informasjon om miljøet der du er akkurat no.

Korleis står det eigentleg til?

Miljøstatus.no viser korleis det står til med miljøet, kva som verkar inn på det og kva vi kan gjere for å sikre eit godt miljø i Noreg. Her kan du finne ut kva for dyr og plantar og natur elles,  forureining og støy som finst der du bur.

Fleire offentlege etatar med miljøansvar står bak, mellom anna Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt og Statens strålevern. Miljøstatus inngår også i eit internasjonalt nettverk av rapportering om miljø.

Miljøstatus.no er basert på opne data, slik at alle kan bruke dei nyaste datasetta. Tekst og figurar kan brukast fritt, så lenge ein viser til «Kjelde: Miljøstatus.no». Med mobilkarta frå Miljøstatus kan du finne geografisk miljøinformasjon i heile Noreg, inkludert Svalbard. Last ned appen Miljøstatus kart og få kart som er tilpassa mobil og lesebrett, eller sjå karta i nettlesaren via https://mkart.miljostatus.no/#kartSide

Det sårbare havet

Mange er opptekne av, og uroa over, plasten i havet. Hold Norge rent er ein ideell organisasjon som arbeider mot forsøpling. Dei har lagt ut ferske funn frå Strandryddeveka i vår, der over 40.000 frivillige deltok. Førebels er det registrert 46 tonn innsamla avfall delt på 1350 aksjonar på strender, øyer og holmar, ved vassdrag og innsjøar, og på havbotn.

Hold Norge rent har rangert typane avfall ut frå mengden som vart funne i samband med Strandryddeveka:
Topp 10 Kategori
1 Små tau
2 EPS (isopor)
3 Sigarettsneipar
4 Korkar og lokk
5 Plastposar (alle typar)
6 Drikkeflasker og -boksar
7 Bomullspinnar (q-tips)
8 Pakkeband og strips
9 Matvareemballasje og take-away
10 Plast frå landbruk

Bilete av ulike typar avfall, med opplysing om kor lang tid naturen vil bruke på å bryte det ned. Kjelde: miljøstatus.no

Kor lang tid bruker naturen på å bryte ned avfallet vårt? Oversikten er henta frå Miljøstatus.no

Kva verkar inn og kva kan vi gjere?

På Miljøstatus.no finn du meir om Hold Norge rent og anna under temaet forsøpling av havet. Artikkelen omfattar filmar og statistikk og gir innblikk i tilstand, konsekvensar, kva som verkar inn og aktuelle tiltak.

Medveten forbrukar

Under tiltak kan du mellom anna lese om kor viktig det er med kjeldesortering for å unngå at enno meir skrap hamnar på avvege i hava våre. Du kan også ta ansvar ved å vere ein medveten forbrukar som sjekkar innhaldet på varane du handlar. Er dei miljømerka? Er det mogleg å sjekke innhaldet? Inneheld produktet heilt unødig plast – anten i ørsmå partiklar som ein kan finne i kosmetikk og klede, eller er det noko som er innpakka i stor og unødig emballasje?

I denne artikkelen frå NRK (13. mai 2019) kan du lese meir om klede og mikroplast. Forbrukerrådet meiner det bør kome ein internasjonal standard for meir detaljert merking av klede, så vi får betre sjanse til å vete kva det er vi handlar.

Hald fram med ryddinga

Engasjementet frå privatpersonar, bedrifter og ulike organisasjonar kring strandryddinga i vår har vore stort. Her er det noko vi konkret kan gjere, og at det hjelper å rydde er det ingen tvil om! Når den synlege plasten blir fjerna frå naturen, gjer vi det automatisk enklare for fuglar og dyr å overleve.

Så lenge ein er varsam kring hekketida til fuglane og elles tar omsyn til dyrelivet i områda ein ferdast, er det ingen grunn til å ikkje halde fram med ryddinga. På Ryddeportalen til Hold Norge Rent kan du finne ein ryddeaksjon i nærleiken av deg, eller opprette ein ny aksjon. Her finn du også gode tips om utstyr og avfallshandtering, i tillegg til skjema for å registrere funn etter ryddinga.
Bruk dei kvalitetssikra kjeldene om miljøet vårt, så du også kan gjere ein skilnad.

 

Bilde øvst: Fylkesbiblioteket i Hordaland
Bilde nedst: miljøstatus.no


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek