Her er du: samnangerbibliotek.no > Aktuelt > Ymse > Kjenner du til dei digitale tenestene våre?

Kjenner du til dei digitale tenestene våre?

AKTUELTpublisert 03.01.2019

Samnanger folkebibliotek samarbeider med dei andre biblioteka i Hordaland, og er ein del av eit landsdekkande biblioteknettverk i Noreg. På den måten kan vi tilby ei rekkje digitale tenester til innbyggjarane.

Du kan låne digitale bøker, aviser, tidsskrift og film. Samstundes finst det mange kjelder som inneheld kvalitetsressursar som er finansiert av det offentlege og som er gratis for deg som brukar. Vi har samla eit lite knippe av desse ressursane på nettstaden vår.

Ver velkomen til å teste tilbodet!