Her er du: samnangerbibliotek.no > Arrangementer > Teaterrottene kjem
07.05.2024 Kl. 18:00
Teaterrottene kjem
Arrangement

Mellom hyllene, bak skranken og i kjellaren er det rottene som styrer.  Dei er usynlege hjelparar som lappar og fiksar på bøker, vaskar og kostar slik at alt går knirkefritt på biblioteket kvar einaste dag.

MEN – No er det nok, syns Pernille og rottefetter Jeppe. Dei gidd ikkje meir, dei er lei av at dei alltid må rydda og ordna. Dei bestemmer seg for å skulka kjedelige oppdrag – utan at Rottebestemor veit det!

Når dei endeleg er fri frå rottepliktene oppdagar dei plutseleg eit publikum på biblioteket som dei kan vera saman med. Jeppe og Pernille kan ikke motstå den store freistinga. Dei må underhalda folk!

Med song, musikk og kanskje litt ramping, tek dei publikum med på eit uvanleg eventyr. Greier Jeppe og Pernille å halda seg skjult for biblioteksjefen, og gje publikum den beste opplevinga dei har hatt?

Velkomen til et superduperhemmeleg møte med Teater-rottene Pernille og Jeppe. Høver best for born frå 4 år.

Dato / tid
07.05.2024, 18:00, - 18:45