Lånekort

Nasjonalt lånekort gjer det mogeleg for deg å låne frå alle bibliotek i heile landet.

Bibliotekkort er gratis. Ein må vere fylt 14 år for å få nasjonalt lånekort. Du kan få eige  lånekort når du er 7 år gamal. Born under 14 år må ha med underskrift frå føresette. Du er ansvarlig for alt som er lånt på ditt kort.

Bibliotekpersonalet har teieplikt og skal verna om lånaropplysningar.
Meld frå om du endrer adresse, mobilnummer eller e-postadresse.