Seniorkonsert: Schlager &  Kanari

Seniorkonsert: Schlager & Kanari

Arrangement

Ingvild Storhaug (song) og Lena Rist-Larsen (trekkspel) presenterer herleg musikk frå 30- til 60-talet.
Arrangementet er gratis og ope for alle.

Dato / tid
14.03.2019, 10:30 - 11:30


Ingvild Storhaug (song) og Lena Rist-Larsen (trekkspel) presenterer herleg musikk frå 30- til 60-talet. Dei to musikarane har ein felles lidenskap for popmusikk frå dei gode, gamle dagar. Idola er mellom anna Åse Wentzel, Nora Brockstedt og Zarah Leander. Når Ingvild & Lena skal ut på tur tek dei med seg eit variert knippe låtar i bagasjen. «Tulipaner fra Amsterdam», «Tango for to» og «Når det kommer en båt med bananer» er nokre av songane.
Song og trekkspel har hovudrollene i instrumentparken, som òg består av fiolin, autoharpe, melodika, vaskebrett og andre duppedittar.

Tilskipinga er i eit samarbeid med Folkeakademiet Hordaland og Hordaland fylkeskommune og Den kulturelle spaserstokken i Samnanger kommune.
Bilete av © Zoonar/Elena Elissee – www.scanpix.no