Grønare kvardag, foredrag ved Kristine Ullaland

Grønare kvardag, foredrag ved Kristine Ullaland

Arrangement

Kan vi leve utan avfall? Foredragshaldar Kristine Ullaland gjekk sist ut med restavfallet heime, hausten 2015.
Gratis inngang.

Dato / tid
10.11.2020, 19:00 - 20:30


Kan vi leve utan avfall? Avfall er noko vi gjerne tenkjer er ein naturleg bieffekt av å vere menneske. Kvar og ein av oss kasta over 400 kg kvart år. Sjølv om avfall ikkje er noko nytt har innhaldet endra seg drastisk dei siste tiåra, og den auka avfallsmengda vår har blitt eit symbol på ein dysfunksjonell samfunnstruktur. Kva kan vi gjere med dette? Bli med når biblioteka i Vestland fylke invitera til eit spennande og oppløftande foredrag om Zero Waste, der vi ikkje berre snakka om miljøproblematikken vi står ovanfor, men korleis vi sjølv kan vere ein del av løysinga.

Foredragshaldar Kristine Ullaland gjekk sist ut med restavfallet heime, hausten 2015. Ho står bak Norges første Zero Waste-blogg, Grønare kvardag, og er også stiftaren av bedrifta Zero Waste Norge, som hjelpe tenesteytande næring førebygge og redusere avfall. Arbeidet har fått mykje merksemd nasjonalt og internasjonalt, blant anna frå FN.