Logo Sommarles.no

Sommarles er i gang!

Aktuelt   

Den digitale lesekampanjen Sommarles.no er igang. Saman med barn frå over 380 andre kommunar, kan alle som går i 1. - 7. klasse (pluss dei som skal byrja i 1.klasse) vere med på Noregs kulaste lesekampanje! Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok meir enn 105 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

 

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

– Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

– Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august.

– Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

– I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!

– Sommarles.no er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti AS.

– Sommarles.no blir i 2019 leia av Finnmark fylkesbibliotek, Østfold fylkesbibliotek og Snuti AS.

 

http://sommarles.no/

 

Kontaktperson: Merethe Gauden, 56587455