Pressreader: digitale aviser

Aktuelt   

På folkebiblioteka i Hordaland kan du no lese og ta med deg heim aviser og tidsskrifter frå meir enn 100 land på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

PressReader logoPressReader gjev deg nye aviser og tidsskrift i komplett digital utgåve på biblioteka. Vel mellom 2350 aviser og 2000 tidsskrift frå meir enn 120 land på 60 ulike språk. Les dei i biblioteket eller last dei ned til din eigen eining og ta med deg heim.

No kan du òg laste ned aviser og tidsskrift i inntil 72 timar etter at du har vore logga på PressReader via biblioteket sitt trådlause nett.

Brukarrettleiing på nynorsk.

Her finn de òg nokre filmar med rettleiing for dei som forstår engelsk: http://blog.pressreader.com/business/2015/02/13/pressreader-help-videos/