Tenester

Biblioteket har som oppgåve å fremja opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å ha bøker og anna egna materiell gratis til disposisjon.

Lokale

Samnanger bibliotek held til på Bjørkheim, i etasjen under Spar, med inngang frå sjøsida.

Du kan låne

Her låner me ut bøker, lydbøker, tidsskrift og filmar. Om ikkje biblioteket har det du leiter etter kan me kjøpe det inn eller skaffe frå andre bibliotek.

Aviser og tidsskrift

Me abonnerer på lokalavisene Samningen, Hordaland folkeblad og Os- & Fusaposten, i tillegg har biblioteket ei rekke tidsskrift som publikum kan låne. Me har ei eiga samling med lokal litteratur og innbundne årgangar av Samningen.

Arrangement

Biblioteket har arrangement for born og vaksne.

Digitale tenester

Saman med resten av folkebiblioteka i Hordaland, gjev vi tilgong til ebøker og digitale aviser og tidsskrift.

Møterom

Biblioteket har både eit stort møterom (med plass til minst 50 pers) og tre mindre møterom ( frå 4-15 pers) til utleige. Dei kan etter avtale lånast gratis av lokale lag og organisasjonar. Bedrifter får leige til kommunalt fastsett pris.